Sunnhordland Hamn > Spørsmål og svar (FAQ)

Spørsmål og svar (FAQ)

Her har me samla nokre spørsmål og svar.
Bilete med spørsmål og svar

Vil utbyggingane gå ut over kommunen si drift av skulen, helsetenestene eller eldreomsorga?

Nei. Intensjonen er at utbygginga skal finansierast gjennom bompengar på ferja og eit eige, interkommunalt selskap som finansierer regionalhamna med inntekter frå kommersiell drift av hamna. Det skal ikkje nyttast midlar frå driftsbudsjettet til kommunen.


Er dette berre eit prosjekt for å få cruiseskip til Stord?

Nei. Hovudformålet er å binda Stord og Kvinnherad tettare saman med eit raskare ferjesamband. Regionalhamna er ei flerbrukshamn. Cruiseskip er éi av fleire kundegrupper som vil gi inntekter til hamna, saman med til dømes godstransport, kystruteskip og offshorefartøy.

Forøvrig viser tal frå turistnæringa at kvar cruisepassasjerer legg igjen omlag 1000 kroner når dei går i land på destinasjon. Med anslag 15-20 cruiseanløp pr år og 1000 passasjerar pr skip, vil dette gi betydelige inntekter til regionen utover sjølve hamneavgifta pr skip (ca 300.000 kroner).


Kvifor kan me ikkje berre behalda ferja slik ho går i dag?

Skjersholmane-Ranavik fungerer, men reisetida på 40 minutt er eit hinder for effektiv samhandling i regionen. Dagens kaiar har også behov for vedlikehald og oppgradering på sikt.


Vil det bli kravd inn bompengar?

Ja, det er tanken. Det vert allereie kravd inn bompengar via ferjebilletten for overfarten Ranavik-Skjersholmane, som i dag går til finansiering av vegprosjekt i «Kvinnheradpakken». Fylket skal no sjå på om delar av desse bompengemidlane kan brukast til å finansiera infrastrukturen som trengst for å flytta ferjesambandet til strekninga Djupavikjo-Bestevika.