Sunnhordland Hamn > Om Sunnhordland Hamn

Om Sunnhordland Hamn

Stord og Kvinnherad greier no ut eit mogleg hamnesamarbeid, organisert i eit interkommunalt hamneselskap som førebels har fått arbeidstittelen «Sunnhordland Hamn».

Stord og Kvinnherad har tatt initiativ til denne utgreiinga fordi ein ønsker å realisera konkrete prosjekt i Djupavika og på Husnes, i tillegg til felles drift og oppgradering av eksisterande hamneanlegg. Det langsiktige målet er at også andre kommunar i regionen vår kan bli medeigarar i selskapet, slik at me i framtida kan få eit felles hamneselskap for heile Sunnhordland.

Skal betala sine eigne rekningar

Eit interkommunalt hamneselskap vil vera eigd av kommunane. I Sunnhordland har me gode erfaringar med dette gjennom SIM (Sunnhordland Interkommunale Miljøverk), og både nord og sør for oss finn me store interkommunale hamneselskap som Bergen Havn og Karmsund Havn.

Eit slikt selskap skal driva uavhengig av kommunane sin økonomi. Dette betyr at selskapet skal betala sine eigne rekningar med eigne inntekter, og at det ikkje skal brukast pengar frå kommunebudsjetta til å drifta hamneselskapet. Viss kommunane sjølve skulle bygd ut hamneinfrastruktur, hadde investeringane kunna koma i konflikt med andre viktige satsingar som til dømes sjukeheimar og skular.

Auka verdiskaping

Målet er at eit framtidig «Sunnhordland Hamn» skal vera lønsamt, og etter kvart kunna levera utbyte som kan brukast til å gjera nye investeringar – eller gå inn i kommunekassane. På denne måten kan etablering av eit hamneselskap bidra til auka verdiskaping som kjem innbyggarane til gode.

Når kommunane Stord og Kvinnherad no greier ut eit slikt samarbeid, er det først og fremst for å finna ut om eit mogleg hamneselskap i Sunnhordland vil kunna klara å gjera investeringane i ny hamneinfrastruktur for eiga rekning. PricewaterhouseCoopers (PwC) har fått i oppdrag å utarbeida ein rapport til kommunane om dette. I tillegg til ein finansiell analyse, skal rapporten også innehalda framlegg til ein strategisk hamneplan for Sunnhordland. Rapporten vert levert i starten av 2026, og skal gi dei folkevalde i kommunane grunnlag til å avgjera om eit slikt hamneselskap skal etablerast eller ikkje.