Sunnhordland Hamn > Om prosjektet

Bakgrunn og mandat

Sunnhordland er ein region i vekst, men avstandar og reisetid skaper barrierar i felles arbeids- og bumarknaden. Kommunestyra i Stord og Kvinnherad har gitt administrasjonane mandat til å greia ut eit nytt og meir effektivt ferjesamband. Det blir òg jobba med å etablera eit felles, interkommunalt hamneselskap – som førebels har arbeidstittelen «Sunnhordland Hamn».
Bilete av ferje

Målet med prosjektet er todelt:

1. Redusert reisetid:

Ved å flytta ferjeleia til Djupavikjo på Stord og Bestevika på Halsnøy blir overfarten korta ned betrakteleg i høve dagens overfart mellom Skjersholmane og Ranavik. Dette vil knyta dei to største kommunane i regionen tettare saman.

2. Verdiskaping gjennom ny maritim infrastruktur:

Etablering av ei regionalhamn i Djupavikjo skal sikra Stord og regionen kapasitet til å ta imot større fartøy, både innan godstransport, beredskap, næring og reiseliv (cruise).

Tidslinje

2025–2026

Utgreiing, forstudie og konsekvensanalysar.

2026

Oppstarta planprosess. Mogleg etablering av interkommunalt hamneselskap for Stord og Kvinnherad.

2027

Reguleringsplan, politisk handsaming.

2027-2028

Endeleg planvedtak

?

Byggestart