Sunnhordland Hamn > Økonomi og finansiering

Slik tenker ein prosjektet finansiert

Finansieringa er tenkt todelt: Offentlege midlar i form av bompengar skal finansiera omlegginga av ferjesambandet, mens eit nytt, felles hamneselskap for Stord og Kvinnherad skal finansiera utbygginga av regionalhamna for større skip.
Bilete av pengesekk til økonomi

Ferjesambandet

Nye ferjekaiar, nye tilførslevegar og opprusting av eksisterande veganlegg er tenkt finansiert gjennom innkrevjing av bompengar på ferja.

Løysinga tar utgangspunkt i ordninga som allereie eksisterer i dag, der bompengar blir kravde inn via ferjebilletten til vegprosjekt i «Kvinnheradpakken». Vestland fylkeskommune, som har ansvaret for regional ferjedrift og vegar, skal vurdera korleis delar av dei framtidige bompengeinntektene frå sambandet kan nyttast til å dekka kostnadane med ny infrastruktur for den innkorta ferjestrekninga. Fylkeskommunen er garantist for utbyggingane.

Grunnlaget for ei slik finansiering vil bli greidd ut i 2026.

Regionalhamna

Finansieringa av ny regionalhamn for større skip i Djupavikjo er tenkt løyst gjennom opprettinga av eit interkommunalt hamneselskap som står for kommersiell drift av hamna.

Selskapet, som førebels har arbeidstittelen «Sunnhordland Hamn», vil disponera verdiar i form av eksisterande kommunale hamneområde og andre sjønære tomteareal i Stord og Kvinnherad. Dette er eigenkapitalen som ligg til grunn når selskapet skal finansiera ny hamneinfrastruktur i dei to nabokommunane, til dømes Djupavikjo og nytt kaianlegg ved Grøn Næringspark Kvinnherad.

Eit «Sunnhordland Hamn» skal driva uavhengig av kommunane sin økonomi. Dette betyr at selskapet skal betala sine eigne rekningar med eigne inntekter, og at det ikkje skal brukast pengar frå kommunebudsjetta til hamneselskapet sine økonomiske forpliktingar.

Inntektskjelder

Det nye interkommunale selskapet skal finansiera ny hamneinfrastruktur med inntekter frå:

  1. Hamneavgifter: Inntekter frå skip (gods, cruise, offshore, ferjetrafikk) som nyttar selskapet sine kaianlegg.
  2. Leigeinntekter: Utleige av areal i hamneområde til næringsverksemd.