Sunnhordland Hamn > Løysingar og kart

Traséval og tekniske løysingar

Plasseringa av nye ferjeleie krev ny infrastruktur både på sjø og land. Her er alternativa som blir vurderte.
Ikon av anker

Ferjesambandet

Dagens samband mellom Skjersholmane og Ranavik tar ca. 40 minutt. Det nye forslaget inneber nye ferjekaiar i Djupavikjo (Stord) og i Bestevika (Halsnøy).

  • Gevinst: Overfartstida blir redusert til 25–30 minutt.
  • Frekvens: Kortare overfart gjer det mogleg med hyppigare avgangar med same tal ferjer.

(Ill. frå hovudrapport, forprosjekt Stord-Kvinnherad (Sweco), der søre Halsnøy og Bestevika vert trekt fram som beste stad for nytt ferjeleie på kvinnheradssida.)

Situasjonsplan anbefalt løsning Djupevika (Kilde: Sweco)

Ferjekai i Bestevika (Kilde: Sweco)


Regional fleirbrukshamn i Djupavikjo

I tillegg til ferjekai er det planlagt ein molo og ei større djupvasskai i Djupavikjo. Desse skal fungera som ei fleirbrukshamn for regionen.

  • Kapasitet: Dimensjonert for større godsskip, offshoreskip og cruiseskip.
  • Føremål: Legga til rette for verdiskaping frå reiseliv og annan sjøtransport, og sikra beredskapshamn for regionen.

Vegløysingar på Stord

For å knyta Djupavikjo til vegnettet, har Sweco greidd ut to tunnelalternativ:

Alternativ A: «Sentrumstunnelen»

  • Tunnel direkte frå Djupavikjo inn mot Leirvik sentrum.
  • Kostnadsestimat: Ca. 2 milliardar kroner.
  • Konsekvens: Kort veg til sentrum, men leier meir trafikk inn i bykjernen.

Alternativ B: Tunnel mot E39

  • Lengre tunnel som kjem ut ved E39.
  • Kostnadsestimat: Ca. 2,6 milliardar kroner.
  • Konsekvens: Leiar trafikken utanom sentrum, men mogleg påkoplinga til E39 på Vabakkjen er utfordrande og kan skapa vanskar for eksisterande verksemder/grunneigarar i området.

Vegopprusting på Halsnøy

Som ein del av satsinga, skal fylkesveg 500 mellom Bestevika og Halsnøytunnelen rustast opp. Når den nye ferjekaien opnar, vil det vera tofelts veg frå Bestevika, gjennom Sæbøvik og fram til rundkøyringa på Tofte.