Kva finn du her?
På denne sida finn du informasjon om utgreiingsarbeidet for innkorting av ferjesambandet mellom Stord og Kvinnherad og etablering av ny regional hamn. Målet til samarbeidspartnarane er både å realisera ei raskare ferjestrekning og å bygga hamn med kapasitet til å ta imot cruiseskip og andre større fartøy – for framtidige inntekter.
Om prosjektet
Status:
Forstudie / Utgreiingsfase
Estimert reisetid:
Reduksjon frå ca. 40 til 25 minutt
Finansiering:
Gjennom bompengar og kommersiell hamnedrift. Belastar ikkje kommunale driftsbudsjett.
Ansvarlege:
Stord kommune, Kvinnherad kommune, Vestland fylkeskommune
